Markus og Diana
|
|
Presentasjon av boka.
Markus og Diana - lyset fra Sirius er ei barne- og ungdomsbok av Klaus Hagerup. Boka kom ut i 1994 på Aschehoug forlag og var den fyrste boka i ein rekkje bøker om Markus. Boka handlar om guten Markus Simonsen. Han er 13 år gamal, har sandfarga hår og svarte runde briller. Markus er redd for det aller meste. Han er redd for blant anna edderkoppar, heisar og jenter, men mest av alt er han redd for å vere seg sjølv, Markus. Venen til Markus heiter Sigmund. Sigmund er Markus sin motpol og er flink til det aller meste. Markus samlar på autografar frå kjente personar. Ein dag skriver Markus eit brev til ei kjent norsk Hollywoodstjerne, Diana Mortensen. I brevet gjer han seg ut for å vere ein einsam millionær som driv med fjellklatring, og som også samlar på autografar frå Hollywoodstjerner. Han viklar seg inn i løgner, som etterkvart blir vanskelege å komme unna med. Markus og Diana - lyset fra Sirius er ei rasande festleg bok, som er humoristisk samstundes som ho inneheld mange alvorlige tema. |
Korleis kan boka nyttas i undervisning.
Denne boka kan brukas på forskjellig vis i undervisningssituasjon. Ein kan bruke boka til dømes som utgangspunkt for litterære samtaler. Ein litterær samtale er ein samtale rundt litteratur og då spesielt rundt skjønnlitterære tekstar. Som lærar kan ein leggje opp til litterære samtalar på mange måtar. Ein måte er å gjennomføre lesekurs. Då kan til dømes to og to elever lese same bok. Underveis i lesinga kan elevane diskutere innhaldet i det dei har lest. Læraren kan leggje opp til samtalar rundt tema, personskildringar og virkemiddel. Boka kan også nyttes som høgtlesing i klassen. Til dømes kan læraren lese høgt frå boka og lage spørsmål som elevane kan diskutere etter kvar høgtlesingsseanse. Då kan ein leggje opp til klassesamtale eller gruppesamtaler. Det kan vere vanskeleg å få alle elevane til å snakke under klassesamtalar, så det kan vere lurt å dele elevane opp i grupper. Boka blei filmatisert i 1996 og som ekstra motivasjon for elevane, kan ein leggje opp til at klassen kan få sjå filmen etter at dei har lest boka. Kilder Henning, Å. (2012) Effektive lesere snakker sammen: Innføring i litterære samtaler. Oslo. Gyldendal Akademisk Forlag AS |